Hei alle tromsøklatrarar!
Norsk Tindemuseum held på å bygge nytt museum på Åndalsnes. I forbindelse med dette driv me å samlar inn materiale, smått og stort, til utstilling og bibliotek.
Det eg lurar på har særleg tilknytning til fjellbiblioteket me vil opprette. Me er på jakt etter ulike eksemplar av Stein & Stegjern. Så min frekke forespørsel er: Dersom du sit på nokon eksemplar av bladet som du har lyst til å gje bort til oss, håpar me at du vil ta kontakt! Me er også særleg på jakt etter ei ekstrautgåve av jubileumsbladet som kom i fjor (veit at dette hadde eit avgrensa opplag, men det er jo lov å håpe!?!).
I tillegg er me på jakt etter "den gode historien", for å skape liv i utstillingane våre. F. eks. klatrehistoriar, bestigningar, personlegheiter og andre viktige trekk ved Tromsøklatringas historie. Film og bilder er òg av interesse. Dette er ein interessant del av norsk klatrehistorie, og viktig for oss å samle og dokumentere ettersom me har som langsiktig mål å samle all norsk klatrehistorie.
Det er sjølsagt også lov til å ta kontakt dersom du berre har lyst til å vite meir om Tindemuseet! Skriv gjerne nokre ord til e-posten nedanfor:
Håpar du kan hjelpe oss!!
Mvh,
Mie Kastet